Vil du studere i Litauen?
På 1300-talet var Litauen – eller Lietuva, som landet heiter på litauisk, det største landet i Europa. Både Kviterussland, Ukraina og deler av Polen og Russland var underlagt storhertugdømmet Litauen.
Etter å ha høyrd til både Tyskland og Sovjetunionen, vart Litauen i 1990 det første landet som erklærte seg uavhengig frå det tidlegare Sovjet-samveldet. I dag har Litauen ein av dei raskast veksande økonomiane i EU. Landet grensar til Latvia, Kviterussland, Polen og den russiske eksklaven Kaliningrad, og har om lag 3,4 millionar innbyggjarar.
Vilnius er hovudstaden – og dersom ikkje renessanse- og barokk-arkitektur er spennande nok til å vekke di interesse, kan det vere ein idé å ta turen til statuen av Frank Zappa. Denne er sett opp midt i sentrum, med løyve frå staten, og visstnok var Vilnius den første byen i verda som sette opp ein statue av den amerikanske musikaren.
Finansiering av studiet
Det finns ulike finansieringsordningar for studieopphald i Litauen.
|
|
Erasmus-studenter får: reise på utveksling fra 3 – 12 måneder med vanlig støtte fra Lånekassen, reisestipend, stipend til forberedende språkkurs, godkjent studiepoengene fra utvekslingen Krav: Fullført 1 års studium |



